HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Frå dyrlegens kvardag

Kastrering av oksekalvar

I kommunane Sogndal og Luster har me nokre produsentar som kastrerer oksekalvane sine, og ved å ta dette grepet, kan dei tømma fjøsen om sommaren og sleppa kastratane på utmarksbeite saman med resten av flokken.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Desse kastratane nyt sommaren på stølen Hodnane i Luster kommune i Vestland fylke. Desse kastratane beitar på gras som kun kan nyttast til beiting, og det vert også hevda at kjøt frå kastratar har ekstra god kjøtkvalitet.

Her i Sogn har bøndene rikeleg tilgang på utmarksbeite, og ved å kastrera oksekalvane kan kastratane også henta energi frå gras som veks slik til at det kun kan brukast til beite. Det er derfor god ressursutnytting å produsera kjøt på denne måten.

Kastrerer saman med avhorning

Me har god erfaring med å kastrera kalvane samstundes som dei vert avhorna. Det er lettare å handtera ein liten kalv framfor ein større, og det verkar ikkje som om tidleg kastrering gir dårlegare tilvekst enn om ein utset inngrepet til kalven er større. Det at ein gjer to ting på same besøket, gjer det også litt rimelegare for bonden.

Blodig metode

Eg brukar utelukkande «blodig metode», og i det ligg det at eg fjernar testiklane kirurgisk. Sjølv om teknikken vert kalla «blodig», så blør det nesten ingenting. Inngrepet er raskt å utføra, og eg er 100 prosent sikker på at oksen er steril etterpå. Viss ein vil kastrera «ublodig», så kan ein bruka tang og knusa sædstrengen.

Lettare slakt

Kastratar veks ikkje like fort som oksar, og dei vert lettare feite. Ein må derfor ha dette i tankane når ein fôrar fram kastratar til slakt. I ei tid med overproduksjon av storfekjøt og oppmoding om å levera lettare oksar, kan det kanskje vera ei mogelegheit å kastrera nokre av oksane, bruka lenger tid på framfôringa og samstundes la dei dra nytte av utmarksbeite. Det er også litt pengar å henta på å få beitetilskot, så kanskje det kan vera med å kompansera for at slakta vert lettare.